Dermed har Hødd 2 framleis berre ni poeng i tredje divisjon, medan KFUM har sytten poeng etter oppgjeret søndag.

Det var Hødd 2 som kom i gang og tok leiinga på straffe ved Joachim Osvold.

Og berre nokre minutt ut i andre omgang skåra Osvold igjen og gav Hødd 2-0-leiing.

Stillinga heldt seg til det 72. minutt, då fekk KFUM straffe og kaptein Erik Lundanes Jonvik reduserte til 2-1.

Berre fire minutt etterpå utlikna så Juba Massinissa Moula for heimelaget.

Sigersmålet kom i det 80. minutt: Tore André Sørås tuppar ballen i mål frå kort hald.

Fleire mål vart det ikkje og KFUM sikra seg dermed tre viktige poeng.

Hødd 2 stilte med følgjande tropp:

Benjamin Boujar, Joakim Ulstein, Jesper Tornqvist, Johannes Sundgot, Preben Sætre, Ola Heltne Nilsen, Bam Hide, Håkon Thormodsæter, Håkon Brautaset, Bastian Rasmussen, Robin Hjelmeseth, Joachim Osvold, Gustav Dimmen, Petter Haddal Worren, Kristian Vatsaas.