For rekruttlaget (3.-div.-laget) er Fjord1-Cup i Sogndal 14.-17. januar den første oppgåva. Også Hødd sitt gutelag skal delta i denne turneringa. Hødd A-lag spelar sin første treningskamp for sesongen mot Volda fredag 15. januar. Under denne kampen blir nokre nye spelarar testa. Blant andre ein høgre back/kantspelar frå Island. Hødd sin a-lagsstall er pr. dato på 19 spelarar - og det ligg an til at 2-3 ytterlegare spelarar skal inn, melder Hødd si heimeside. Dei to sengalesarane som skal besøke Sunnmøre Folkehøgskule og IL Hødd Fotball i vinter skal vere med Hødd sitt juniorlag til Sogndal i midten av månaden og elles trene med laget og bli betre kjende med skulen og Ulsteinvik.

Frå måndag av var det fullt trykk i treningsarbeidet under Hødd sin hovudtrenar Lars Arne Nilsen. (Arkivfoto)