Lag-EM i friidrett er inndelt i fire divisjonar. I år var Norge med i den nest øvste; First League – i Estland. Siste øving på programmet søndag var 4 x 400-meter stafett for menn. Og Norge sin ankermann var Karsten Warholm frå Dimna IL. Han vart nummer to i Norge sitt heat etter å ha nesten slått kviterussiske Aleksandr Linnik i spurten. Det gav nok poeng til at Norge vart nummer to samanlagt og rykkjer opp.

– Men lenge trudde eg at eg måtte springe ein kjempeetappe for at vi skulle klare opprykket. Det var ei stund der eg var som eit nervevrak og var heilt øydelagt. Først rett før stafetten fekk eg vite at det måtte skjere seg heilt for meg om vi ikkje skulle bli blant dei tre beste nasjonane, fortel Karsten Warholm.

– Heilt nydeleg

Det gjekk altså bra. Også dagen i førevegen sanka Warholm viktige poeng for Norge. Han vart nummer tre på 400-meteren med tida 47.50 i vanskelege forhold.

– Eg er i grunnen veldig godt nøgd med løpet laurdag. Det var motvind og mange stivna derfor tidleg. Sjølv opna eg hardt, men hadde også litt krefter til slutt. Eg såg for meg at eg kunne bli nummer fire eller fem. Men at eg skulle ta tredjeplassen er berre heilt nydeleg, smiler Warholm.

Tida hans på etappen søndag var 46.20, men då var det sjølvsagt «flying start», noko som gjer tidene betre.

– Planen min var å sleppe kviterussaren forbi meg, for så å ta han på langsida. Det gjekk nesten, forklarer 18-åringen.

Han omtalar stemninga i den norske troppen som «klasse» etter opprykket.

Mykje reising

Då vi snakka med friidrettstalentet måndag i 10-tida stod han på Gardermoen og venta på flyet heime. Allereie klokka 04.00 vakna landslagstroppen for å forlate Estland. Karsten Warholm merkar at han blir sliten av all reisinga. Men alt om få dagar, truleg torsdag, set han kursen mot Sverige for å delta i eit elitestemne saman med fleire andre frå Dimna IL og Hareid IL.

– Eg tippar eg kjem til å delta i lengde, hekk og 100-meter. 400-meter har eg sprunge mykje i det siste. Den har eg god kontroll på, seier U20-VM-klare Warholm.

Norges raskaste på 400-meter i år.