Hareid fekk ei flott opning på sesongen med bortesiger mot Skarbøvik, men raudtrøyene fekk det tyngre heime mot Langevåg og tapte til slutt med 0-3.

Torsdag møter Hareid Valder, som så langt denne sesongen står med to tap og 2-7 i målskilnad.

I 2015 var Valder første motstandar for sesongen for Hareid, også då på bortebane, og Hareid slo til med 5-1 siger på Valdervoll. Då scora Georg Eikrem Olsen eitt og Ola Kalvø Vattøy to for Hareid. Ingen av desse er med denne sesongen.

Som Hareid har også Valder tapt mot Langevåg denne sesongen. I opningskampen vann Langevåg 4-1, før Larsnes/Gursken slo Valder 3-1 på River Plate sist torsdag. Kampen mot Hareid blir dermed Valder sin første seriekamp på Valdervoll denne sesongen.

Fleire har tippa Valder som eit av laga å rekne med i 4.-divisjon denne sesongen, men så langt har ikkje det slått til. Kan også Hareid utnytte den svake sesongstarten til laget frå Valderøya?