Thomas Lid Kleppe har spelt sin siste Hødd-kamp. Han hadde eitt år att av kontrakten med klubben, men partane har blitt einige om å avslutte samarbeidet alt no. Kleppe har spelt lite dei to siste sesongane, og langt frå vore nøgd med situasjonen slik han har vore i 2012. Leiinga var på si side heller ikkje nøgde med at Kleppe reiste til England då resten av laget lada opp til cupfinale, eit trekk som ekskluderte ørstingen frå finaletroppen. Dermed kjem ikkje denne avgangen overraskande på nokon.

Hødd skriv på si nettside:

"Thomas Lid Kleppe og Hødd har blitt einige om å avslutte kontraktsforholdet eitt år før kontrakta går ut. Thomas var ein sentral spelar på laget som rykte opp i 2010, men har vore uheldig med skadar etter den gode 2010-sesongen, og har fått lite speletid dei to siste sesongane. Den stødige straffeskytaren som blir 26 år i mars har dermed opplevd både opprykk og blitt Noregsmeister med Hødd. Vi takkar Thomas for innsatsen i Hødd-drakta, og ønskjer han alt godt vidare!"

Hødd har per dato berre 12 spelarar på kontrakt; Latifu, Grimstad, Moltu, Grodås, Brandal, Aursnes, Torset, Nilsen, Sandal, V. Heltne, Helland og Standal.

Men det ligg i korta at Jan Lennart Urke, Eirik Heltne og Andreas Rekdal signerer nye kontraktar med det første.

Uansett er 15 spelarar for lite til å få ein slagkraftig stall. Så det blir nok ein spennande vinter for alle som er interesserte i Hødds a-lag.

Les også:

* Til England før finalen

* Kleppe får tillit

* Tre ventar på kontrakt