- Vi får ein bra start. Vi er gode første 45,  har bra tempo, er rolege med ball og Fredrikstad får det vanskeleg med å skape noko særleg. Det må vi ta med oss vidare, men den andre omgangen må vi legge vekk.

Det seier Joakim Wrele som lenge såg ut til å sikre Hødd sigeren. Han scora det aller første målet i ein offisiell kamp på nye Høddvoll etter berre fire minutt. 83 minutt seinare kom utlikninga.

- Eg veit ikkje om det er nervar som gjer det. Fredrikstad kjem ut i den andre omgangen og pressar oss skikkeleg. No må vi ikkje gløyme at vi møter eit godt lag, og eit lag som truleg vil kjempe mot toppen i divisjonen denne sesongen. Det er eit godt lag, men vi kan vere klokare og gjere betre val, meiner Wrele.

Medan Hødd hadde bra med ball og skapte klart mest i den første omgangen var det bortelaget som pressa Hødd bakover i den andre omgangen.

- Dei har bra rørsle, vi blir hengande litt etter i kvar situasjon  og då slit vi i store delar av den andre omgangen. Vi jobbar bra saman og tettar ganske godt igjen, så det er noko vi må ta med oss. Sjølv når prestasjonen ikkje er heilt på topp så er vi vanskelege å slå, seier den svenske midtbanespelaren.

Med 2235 personar på tribunen hadde Hødd-spelarane veldig lyst til å vise seg fram frå ei bra side. Wrele fortel at det er svært motiverande med så mykje publikum.

- Det er ein ekstra motivasjon, og det er slike kampar ein vil spele. Neste veke kjem det kanskje endå meir folk og veldig bra motstand. Vi ser veldig fram mot Brann-kampen.

Til då meiner Wrele Hødd må ta vidare den prestasjonen dei gjer i første omgang, men at laget må vere betre også etter pause.

For de held i 90 minutt?

- Ja, absolutt.