5-1 stod det på måltavla etter kampen mellom Hødd-rekruttane og MSIL/Emblem torsdag kveld. Trenar Øystein Bohinen Muren fortel om ein kamp der det tok litt tid før Hødd kom skikkeleg i gang.

- Dei fyrste tredve minutta var elendige av oss. Rett og slett ikkje godt nok. Men, så tok vi grep, og kom oss opp på nivået der vi skal vere, seier Muren til Vikebladet Vestposten.

Det var MSIL/Emblem som gjekk opp i leiinga først på Høddvoll etter 19 minutt, ved Lea Sørheller. Like før halvtimen var spelt utlikna Stine Marø Sundgot for Hødd. Og derifrå og ut var det einvegskøyring på Høddvoll-matta.

Thea Elise Ertesvåg auka på til 2-1, før scoringsshowet til åleinespissen Ine Nordal Sleipnes kunne starte. Sleipnes putta på 3-1, 4-1 og 5-1 etter høvesvis 73., 78. og 88. minutt.

- Vi skapte mykje, og eigentleg burde vi nok vunne mykje meir. Men vi er godt nøgde med kampen. Alle fekk spele, og alle gjorde ein god innsats, seier Øystein Bohinen Muren.

- Ein nøkkelkamp

Hareid-trenar Anita Waage meiner sigeren mot Valder heime på Hareidsmyrane kunstgras torsdag kveld var viktig for laget.

- Det var ein kamp vi frykta på førehand. Vi såg at Valder hadde tatt store steg gjennom sesongen, og at dei har fått inn nye spelarar og ein flink trenar. Samstundes visste vi godt at dei hadde slått Hødd, så for oss var dette ein nøkkelkamp. Eg er veldig nøgd med at vi klarte å hale dette i land, seier Waage.

Oppgjeret på Hareidsmyrane blir av trenaren beskrive som tett og fysisk tøft.

- Dei gav oss ikkje mykje rom, og var konstant tett på oss, seier Waage.

Hareid produserte flest sjansar i kampen, og brende også ei straffe i første del av første omgang. Den kom då Victoria Røren blei felt i det 18. speleminutt. Røren tok staffa sjølv, men makta ikkje å sette ballen i mål.

Målet som til slutt skilde dei to laga kom seks minutt inn i andre omgang, ved Kristin Marø.

- Eg føler at jentene klarer å nullstille seg godt og tek oppgåvene sine seriøst. Det er kjekt for ein trenar å jobbe med ei slik fin gruppe. Vi er ikkje så mange, men vi blir nok når vi også har med jenter 16-spelarar. Det gjer samstundes at vi får matche dei unge veldig bra. Ein vinn-vinn-situasjon,seier Anita Waage til slutt.

Etter at begge laga hadde spelt sine kampar torsdag kveld er det framleis fordel Hareid i kampen om opprykk. Hødd rekrutt leiar serien, med 35 poeng på 14 kampar. Men, Hareid har ein kamp mindre spelt, og ligg like bak med 34 poeng.

Kampfakta

Hødd - MSIL/Emblem 5-1 (2-1)

4. divisjon

Høddvoll

Tilskodarar: 27

Dommar: Olav Fure, Volda TI - Fotball

Gule kort: Emma Dillon (MSIL/Emblem)

Mål: 0-1 Lea Marlen Sørheller (19), 1-1 Stine Marø Sundgot (29), 2-1 Thea Elise Ertesvåg (45), 3-1 Ine Nordal Sleipnes (73), 4-1 Sleipnes (78), 5-1 Sleipnes (88)

Hødd (3-3-3-1): Lene Mari Myklebust - Sigrid Pedersen, Johanne Rise Kvalen, Maria Skar - Olea Larsen Flø, Ragnhild Knardal, Kethleen Lorenzo Asltadsæter - Ina Solheim, Oline Marø Sundgot, Stine Marø Sundgot - Ine Sleipnes

Innbyte: Therese Fiskaa, Lina Stave, Anna Tødenes, Thea Elise Ertesvåg, Isabella Sundgot

Kampfakta

Hareid - Valder 1-0 (0-0)

4. divisjon

Hareidsmyrane KGB

Tilskodarar: 50

Dommar: Alf Gunnar Furland, Rollon SK

Gule kort: Kristin Marø, Caroline Overvåg (Hareid)

Mål: 1-0 Kristin Marø (51)

Hareid (4-3-3): Ella Karin Haugen - Martine Holstad, Natalie Birkhol, Ingvild Pedersen, Hanna Holstad Grimstad - Kristin Marø, Cecilie Skeide, Matilde Hassel - Runa Mork, Victoria Røren, Caroline Overvåg

Innbyte: Maria Hansen, Amalie Koppen, Arnhild Bigset, Shajeena Jeyathas, Silje Bjåstad