Alle som kom føre Karsten på resultatlista var eldre enn han.

Karsten, som er berre 16 år, sette nye norske aldersrekordar på 110 meter hekk (14,58) og på 300-meter (35,27). Han presterte elles 11,34 på 100-meter i motvind og 6,99 i lengde. I høgde hoppa han 1,91, som var ny personleg rekord.

Karsten vann tre av dei ti øvingane (100 m, lengde og 300 m).