Fredrik Klock håpar å lede laget til tre nye poeng på søndag. Foto: Andreas K. Rasmussen

- Vi må bevise at det ikkje er tilfeldig dei poenga vi har teke, seier kapteinen, som ikkje nødvendigvis trur kampen på søndag vert noko lettare enn vanleg.

- Dei første seriekampane vert krigekampar uansett, så sann sett er det ikkje annleis, det vil vere eit like vanskeleg kamp som dei vi har hatt hittil. Vi skal gjer det same som vanleg. På heimebane skal vi styre uansett kven vi møter på, slår kaptein Klock fast.

Mjøndalen hamna på 10.-plass i fjorårets 1.-divisjon i deira andre toppfotballsesong gjennom tidene. Hittil i år har dei ein siger og eitt tap. I første runde tapte dei 2-0 for Kongsvinger på bortebane, medan dei vann 5-2 over Nybergsund i første heimekamp for sesongen. I Hødd-leiren er det lite undervurdering ute å går.

- Dette er ikkje noko mindre godt lag enn dei andre vi har møtt. Dei scora fem mål mot Nybergsund, eit lag vi spelte uavgjort mot, seier trenar Lars Arne Nilsen og viser til treningskampen på La Manga.

- Ingen lag er lettare enn andre no i byrjinga, held han fram.

Nilsen trur det kjem til å bli ein litt ulik kamp frå dei andre hittil med ein meir kynisk motstandar.

- Vi skal uansett gjere det same som vanleg og berre klinke til, seier Nilsen.

Grodås kampklar neste veke

Troppa mot Mjøndalen vert sameleis som sist heimekamp. Vegard Heltne er framleis ikkje kampklar, det same gjeld langtidsskadde Thomas Lid Kleppe og Dag Roar Ørsal. Eit anna usikkert moment er Martin Haanes som har slitt med sjukdom denne veka. Haanes har starta som venstrekant i begge Hødd sine kampar hittil, men det er enno ikkje klart om han vert klar igjen til kampen søndag.

Victor Grodås som har vore ute etter ein kneoperasjon har vore i trening med Hødd i litt over ein månad. Han skal prøve seg for første gong neste veke for Hødd 2.

- Er er tilbake i full trening no, så det gjeld berre å finne forma. Kondisjonsmessig er det bra, men eg er enno litt rusten. Skada kjenner eg lite til og det er deilig.

Han likar godt den gode stimen Hødd er inni og har lyst til å vere med på moroa. Det vert også hard konkurranse om backplassen.

- Det er venstrebackplassen eg går etter og Ruben har gjort sine saker bra. Eg får berre stå på å jobbe hardt så er det den beste som spelar, verre er det ikkje, seier Grodås.

Hødd sin nye venstreback er tilbake etter kneoperasjonen og skal spele kamp for Hødd 2 neste veke. Foto: Andreas K. Rasmussen