Dommar Magne Krumsvik overvakar målvalet før den første seriekampen (mellom Tjørvåg og Hasundgot) på nye Hasundgot stadion på seinsommaren. Høyrer desse to laga heime i 5.- eller 6.-divisjon? Foto: Leiv Arne Grimstad

Serieomlegginga innan senior-fotballen kan bli parodisk når såpass gode og ambisiøse lag som Åram/VanKam og Vigra neste år skal møte lag som er fornøgde med å vere i lågaste divisjon, meiner Hareid-pådrivar Einar Orten Trovåg.

I ein artikkel på Hareid IL si nettside utfordrar han fotballkretsen til å ta grep anten før 2011-sesongen eller i løpet av sesongen.

Orten Trovåg peiker på den store nivåforskjellen som blir mellom dei svakaste og beste laga (kampar som Vigra-Haddal og Åram/Vankam-Gjerdsvika kan vere aktuelle).

For å hindre dette meiner han at krinsen kan avvikle ein vinter-kvalik om dei 12 plassane i 5.-divisjon - og så lage 6.-divisjon for dei laga som ikkje når opp der.

- Men denne ordninga tvilar vi på krinsen orkar å lage til. Dei har sikkert nok arbeid med å lage til kvalikar for gute- og juniorseriane, skriv han og tipsar om at dei laga som helst vil spele i lågaste divisjon, ikkje ville ha meldt seg på ei slik kvalifiseringsrunde.

Eit anna forslag, som Orten Trovåg har meir tru på, er å spele neste års vårsesong som ein kvalik til 5.-divisjon slik at dei 10 eller 12 beste laga frå denne kvaliken møtest til 5.-divisjonsspel, enkel serie, om hausten. Samtidig som resten av laga spelar ei enkel 6.-div.-serie.

Ved å dele laga inn i fire 5.-div.-avdelingar, som spelar dobbel vårserie, kan dei tre beste laga i kvar avdeling halde fram som 5.-div.-lag om hausten - medan dei andre blir 6.-div.-lag.

Orten Trovåg ser då for seg denne avdelingsinndelinga:

Avdeling 1: Stordal, Skodje, Ørskog, Ellingsøy, Giske, Emblem, Vigra.

Avdeling 2: Ravn, Lepsøy, Harøy, Stranda 2, Hessa, Aksla, HaNo.

Avdeling 3: Vartdal, Åmdal, Sæbø, Åheim, Åram/VanKam, Kvamsøy, Sunnylven.

Avdeling 4: Hareid 2, Haddal, Hasundgot, Gjerdsvika, Tjørvåg, Bergsøy 2.