– Utruleg artig, enkelt og greitt. Slik oppsummerte Sveinar Øvrelid den to dagar lange turneringa i Brussel, Belgia. Den talentfulle duoen starta ferda mot Brussel med å sigre i Sunnmøre Golfklubb si interne kvalifiseringsturnering. Deretter gjekk turen til regionsfinale i Ålesund. Også der gjekk duoen sigrande ut.

8 par av 1000

Nær 2000 deltakarar har prøvd seg i årets utgåve av DN Golf si turnering. I Brussel var dei 8 beste para i Noreg representerte.

Gjerde og Øvrelid vann klasse A, som er for golfarar med eit handicap under 15.

Nivået til motstanden var høgt, og dei lokale golfarane hadde ikkje forventa å vinne turneringa.

– Det var eit ganske høgt nivå ,så slik vi spelte, hadde vi ikkje venta å vinne, fortel Sveinar Øvrelid.

Fancourt neste

Mellom slaga brukte golfarane mest tida på å vandre rundt i byen eller på Thon Hotell Brussel der dei var innlosjert på turneringa si rekning. Ifølgje Øvrelid var banene gode, med nokre vanskelege hol.

No går turen til Fancourt i Sør-Afrika. Turneringa der er ikkje før i mai 2011, då skal Sunde Gjerde og Øvrelid konkurrere mot deltakarar frå 25 forskjellige land.