Hødd-spelarane i sving på første treninga i 2012. Foto: Joar Drønnesund/arkiv

Hødd har kome i gang med sesongoppkøyringa. På ettermiddagstreninga i dag, torsdag, på Høddvoll vil dei gjerne at publikum tek turen for å sjå på. Dei har publisert følgjande melding på hodd.no:

- Syns du det er lenge til sesongstart? Har du Hødd-abstinensar? Vi har svaret! Ta på deg varme kle og kom på dagens Hødd-trening! Hødd stiller med gratis kaffe pluss noko å bite i til alle som kjem. Det skal spelast 4 mot 4, det blir konkurranse og fullt trøkk. Kom og sjå om gutta er i rute og sjå Magnus Myklebust i si fyrste speløkt med Hødd. Speløkta startar kl. 16:15, men dei som vil ha med seg heile økta kan møte tre kvarter før. Vi sjåast i ettermiddag på Høddvoll. Velkommen! Diskusjonen tek vi på Hødd si Facebook-side!