Jonas Klungsøyr gav Hareid 1-0-leiing. Han var også kar for Hareid sitt andre mål, som bragte Hareid opp på 2-2. Christian Mork avgjorde kampen med si 3-2-skåring fem minutt før slutt. Det var ein jamn kamp der det fysisk tøffe Vigo-laget gav Hareid kvalifisert motstand. Hareid kom sterkare etter pause. Hareid sin neste kamp er alt komande søndag mot Bergsøy, som tapte sin første kvalfiseringskamp 1-2 for Sykkylven. Dette er ei svært open gruppe, men Hareid har teke det første steget mot 1.-divisjonsplass. Med på Hareid i den første kampen: Håkon Lonbakken, Arvid Holstad, Bjarne Snipsøyr, Anthony Gardshol, Arild Liaset, Georg Gåsø, Daniel Moldskred Strand, Joachim Røyset, Aleksander J. Indreflø, Jonas Klungsøyr, Christian Mork. Innbytte: Marius Bekkemellem, Håvard B. Banne, Ingar Liaset.