Det melder VG nett. Tromsø-trenar Steinar Nilsen har tidlegare ymta om at Moldskred har ein prislapp på rundt 15 millionar kroner. Roald Bruun-Hanssen, sportsdirektør i Brann, opplyser til avisa Nordlys at Brann sitt bod på sunnmøring ikkje er nær 15 millionar. Tromsø har tidlegare i sesongen påpeikt at målet deira er å halde på både Morten Moldskred og landslagsstopparen Tore Reginiussen. Brann ønskjer ikkje å la denne saka drage ut: - Dersom Tromsø ikkje ser på forslaget vårt som godt nok, ser vi på saka som avslutta, påpeiker Bruun-Hanssen til Nordlys Moldskred har gjort det godt i den raudstripa Tromsø-trøya den siste tida. Han står med seks tippeliga-mål og er nummer 3 på VG-børsen.