Hødd sitt J14-lag spelte torsdag 1/16-finale i A-sluttspelet mot Gjøvik-Lyn. Det enda dessverre med eit 0-4 tap for Hødd, som sleppte inn to mål i begge omgangane. Dermed er Norway Cup over for laget, som tok seg til A-sluttspelet etter ein siger, ein uavgjortkamp og eit tap i gruppespelet.

Også Hødd sitt J13-lag er ute av Norway Cup. Dei spelte også 1/16-finale torsdag, men då i B-sluttspelet. Også for J13-laget vart det 0-4 tap i 1/16-finalen. Høybråten og Stovner var for sterke denne gongen.

Hødd har framleis med eit J16-lag i A-sluttspelet. Dei spelar 1/8-finale torsdag ettermiddag. J19-laget til Hødd spelar 1/8-finale i kveld.