– Det handlar om økonomi også. Det er dyrt å vere i 2.-divisjon og Hødd er rigga for å vere i Obosligaen eller betre. Vi kan ikkje vere for mange år i 2.-divisjon. Det kan ikkje vi.

Etter nedrykket i 2016 var det nok mange som håpa på at Hødd skulle ta turen rett opp att til toppfotballen. Slik gjekk det ikkje, men klubben var også klare på at ein hadde tid til å bygge lag. At ein hadde råd til å ikkje rykke opp. No har situasjonen endra seg.

– Ideelt sett så må vi rykke opp i år, slår trenar Sindre Eid fast.

Skal kjempe om opprykket

I fjor slo han fast at det ikkje kom til å bli enkelt for Hødd i 2.-divisjon. Nålauget er også trongt denne sesongen.

– Det er berre eitt lag som rykkjer opp, og då må ein ha ein makssesong heile året, ein skal ha stong inn heile sesongen. Det er mogleg å få til, men det er mange om beinet. Opprykk er målet og så får vi sjå kvar vi endar til slutt. Du kan ha ein kjempesesong og sjå opprykket ryke med eitt, to eller tre poeng på slutten, men vi skal vere med i toppen, vi skal kjempe om opprykket.

Det håpte trenaren også at Hødd skulle få til i fjor, men klubben visste ikkje heilt kva ein gjekk til i den nye 2.-divisjonen.

– Nivået var veldig høgt, synest eg. Det var mange kampar som hadde Obosliga-nivå. No veit vi meir kva vi går til, og eg trur ikkje det blir noko svakare nivå i år.

Eit lag i positiv utvikling

Då er det truleg ein klar fordel at Hødd har fått ein rolegare vinter før årets sesong. Slik var det ikkje sist, og sjølv om starten til Hødd var brukbar, så vart vårsesongen totalt sett for svak.

– Vi har meir kontroll over oss sjølve i år. Vi har lært meir om kva 2.-divisjon handlar om, fekk på plass nye spelarar tidleg og har meir stabilitet i troppen. Eg meiner også at vi ser eit lag som er i positiv utvikling, og som eigentleg har vore det heilt sidan i fjor sommar. Vi har tatt steg og blitt meir stabile, men fordi det er eit veldig ungt lag så kan det også svinge ein del. Både frå kamp til kamp, og i løpet av kampane, fortel Hødd-trenaren.

Eid kjenner seg trygg på at Hødd står klart sterkare ved inngangen til denne sesongen enn det klubben gjorde for eit år sidan.

– Vi veit kva vi går til og vi er tryggare på oss sjølve. Det er to klare pluss.

Ein veit samstundes at Hødd har mista nokre svært viktige spelarar. Torbjørn Kallevåg har fått debuten sin frå start i Eliteserien for FK Haugesund, medan Robin Shroot har flytta til USA og fotball i Nashville SC. Dei to stod for 18 av Hødd sine mål i fjor. Kallevåg var Hødd sin toppscorar med 12.

– Det er to kvalitetsspelarar vi har mista, men det får vi ikkje gjort så mykje med, og vi er veldig godt fornøgde med dei vi har fått inn, sjølv om dei er litt annleis spelarar.

Fleire må bidra offensivt

Mellom anna har Joachim Osvold vist at han kan ta over noko av scoringsansvaret. Angriparen har putta både mot Sogndal og Molde i oppkøyringa.

– Joachim har vist at han kan score mot gode lag og vi håpar at han kan bidra med ein del scoringar for oss. Dersom vi klarar å sette opp han så får vi mål, men vi kan ikkje berre regne med at han skal score. Vi må også få med dei andre spissane og gjerne fleire mål frå midtbanespelarane også.

Bendik Rise var også blant dei som leverte nokre scoringar i 2017. Er han blant dei som kan stå for meir nettsus denne sesongen?

– Han har den kreative krafta offensivt, og hadde vel også åtte målgjevande pasningar i fjor. Vi ser for oss han i ei meir offensiv rolle i år, der han truleg kan plusse på den statistikken. Dødball blir også eit viktig verkemiddel for oss. Vi har gode servitørar og vi har bra med fysikk i laget. Det kan bli ein viktig del av spelet vårt å score ein del dødballmål.

Samstundes handlar fotball om meir enn å score mål.

– I fjor hadde vi nokre kampar der vi gav oss sjølv veldig dårlege vilkår. Sjå berre på Byåsen-kampen heime der vi låg under med to mål etter ti minutt. Då blir det vanskeleg å vinne fotballkampar. Vi må bli gjerrigare bakover og vi må bli betre offensivt. Må sette sjansane i endå større grad. Har ein eit lag som fungerer så får ein gjerne begge deler, seier Eid.

Engasjert: Hødd-trenaren seier tydleg frå dersom han ikkje er fornøgd med det som foregår på treningsfeltet. Eid fortel at ein ikkje har råd til dårlege dagar dersom ein skal kjempe om opprykk frå 2.-divisjon. Foto: Linda Eikrem.

Laget han skal få til å fungere denne sesongen er ungt. Det er ei klar overvekt av spelarar som er under 25 år i a-troppen.

– Alder er berre eit tal, seier dei. Du kan vere erfaren som 19-åring eller du kan opptre uerfarent når du er 30. Når eg tenkjer unge spelarar så ser eg først og fremst på det som at der ligg store utviklingsmoglegheiter. Det er mykje potensial i unge spelarar. Vi legg også lista høgt for dei unge spelarar og ønskjer at dei skal vekse, at dei skal få ansvar og ta ansvar. Det er spanande å følgje utviklinga deira.

Hødd har også henta inn meir rutine i Marius Hagen, Joakim Wrele og no sist med Markus Naglestad. Eid forventar at desse skal legge lista for dei unge spelarane.

– Dei skal vere gode læremeistrar for dei som er yngre og det synest eg også dei gjer. Dei stiller krav og det er veldig bra.

– Vi skal vere offensive

Før 2017-sesongen åtvara Eid om at det ikkje kom til å bli ”a walk in the park”. Då visste nok ingen i Hødd heilt kva ein gjekk til, men no bør både spelarar og støtteapparatet ha eit betre bilete på kva som ventar.

– Det vi lærte i fjor var at det ikkje er nokon enkle kampar. Ein må opp på maks så ofte som mogleg og ein har ikkje råd til dei dårlege dagane. Vi må forvente at vi skal leve under press eit halvt år framover og vi må elske det presset. Vi må gripe forventningane vi sjølv og andre legg på oss og vi må like å leve med det. Det er vi som skal vere offensive. Vi skal gå på bana kvar kamp og tenke at vi er det beste laget og at vi skal ut for å bestemme. Den mentaliteten må vi ha. Vi har ambisiøse spelarar som ønskjer å spele på eit høgare nivå, men då må vi også vise det kvar einaste helg, fortel Eid.

Må vere på topp heile tida

Han har klare forventningar til at prestasjonane til Hødd jamt over vil vere på eit høgare og meir stabilt nivå enn i fjor.

– Det er veldig mange gode fotballspelarar i Hødd no, og det handlar om å få ut kvalitetane, både individuelt og som lag. Det å gå inn i ein sesong der opprykk er det klare målet det betyr at vi må vere på topp heile tida. Vi må omfamne den utfordringa, fortel Eid.