Det tok ikkje meir enn ein halvspelt førsteomgang før Hødds utlånte Robin Hjelmeseth skåra sitt aller første Herd-mål i 3.-divisjon.
Hjelmeseth var derimot langt frå ferdig i 8-1-sigeren mot Averøykameratene.
Nokre minutt før pause auka han leiinga til 3-0 og skåra med det sitt andre mål for dagen. Eit kvarter før full tid skreiv har seg på skåringslista endå ein gong, og noterte seg derfor eit hattrick i sin første kamp for Herd.
Spissen vart byta ut dryge 8 minutt før full tid.
På bana var også ein annan debutant frå Ulsteinvik. Eirik Heltne, som tidlegare denne veka skreiv under for ålesundsklubben, starta sentralt på midten for opprykkskandidatane.
Den tidlegare Hødd-guten Havtor Hofset Skeide, som har vore eit fast inventar i forsvarsrekka til blåtrøyene denne sesongen, var også på banen.
Både Skeide og Heltne spelte heile kampen for Herd.