I strålande solskin treff vi ein gjeng blide born på kunstgrasbana på Høddvoll på torsdag. Her er dei i full sving med å prøve ut alle idrettsgreinene. Nokon skøyar og flirer, medan andre nyttar tida til å sikre seg eit godt resultat.
Første året med leikar
DNB Idrettsleikar er eit samarbeid mellom DNB og Norges Friidrettsforbund. I regi av desse, kan lokale klubbar og idrettslag tilby eit aktivt ferietilbod til born mellom 6–12 år gjennom DNB Idrettsleikar. Arrangør på Høddvoll var Dimna IL.
Trenar Arve Hatløy i Dimna IL er svært nøgd med opplegget gjennom DNB Idrettsleikar.
– Vi har hatt så mange som 120 born her denne veka. Her har dei fått prøvd seg på alle idrettsgreinene. Vi har hatt ein god aktivitet der vi samstundes har hatt det veldig kjekt, fortel Hatløy, som legg til at veka starta vått for dei 120 borna på Høddvoll.
– Vi fekk ein litt våt start på veka. Heldigvis fekk vi nytte Ulsmohallen. Det vart litt omlegging i programmet. Sidan tysdag har alt gått greitt. Jenny Stokkevåg Berg er vår prosjektleiar for idrettsleikane. Ho har gjort ein fantastisk god jobb, skryt Hatløy.
Det er første gongen Dimna IL arrangerer DNB Idrettsleikar. Hatløy trur det kan verte ein tradisjon.
– Frå tidlegare har vi arrangert heilt enkle arrangement. Det er første året vi prøvar eit slikt konsept med idrettskule. Det blir mellom anna arrangert over heile landet. Opplegget til Dimna IL er faktisk det største, fortel Hatløy.
Kjempekjekt
På kunstgrasbana kjem vi i prat med Muslim Arsem Kajev, Oliver Eliassen Aske, Johannes S. Gurskevik, Helle Frøystad, Ane Øvrelid Solås, Thea Hjørungnes, Live Kleven, Karen Pauline Langnes, Kristian Moldskred, Nora Emilie Worren, Jonas Brandal, Sol S. Kleven, Isak Flø Dimmen, Henriette Myrene Skeide, Svale Flø og Magne Oliver.
– Kva gjer de på?
– Vi spelar dansk kanonball. Alle mot alle, brølar dei til avisa sin utsende.
– Er det kjekt å delta på idrettsleikar?
– Ja, det er kjempekjekt. Her får vi vere med på mykje kjekt saman med vener, blir vi fortalt før borna spurtar kvar si retning.