* Øyvind Hagen trena med Hødd a-lag i vinter etter fleire år på juniorlaget, men melde så overgang til Bergsøy. I dag scora Hagen kampens einaste mål då Bergsøy vann 1-0 heime mot Elnesvågen. Målet kom like før pause, ifølgje smp.no.

* Eirik Heltne har spelt i Hødd i mange sesongar, men valde i sommar å signere for Herd. Heltne sende blåtrøyene opp i leiinga borte mot LGFK då halvtimen var spelt. Eirik Kampenes la på til 2-0 etter 78 minutt, som også vart sluttresultatet. Også Robin Hjelmeseth (utlånt frå Hødd) og Havtor Skeide (frå Ulsteinvik) starta kampen for Herd, som styrer mot opprykk til 2.-divisjon.

Herøynytt kjem med meir om desse kampane seinare.

* Andre resultat så langt denne runden: Volda - Spjelkavik 2-2, Averøykam. - Surnadal 5-1.

* Måndag: Aalesund II - Stranda, Hødd II - Sunndal, Brattvåg - Kristiansund II.

PS. Mangeårig LGFK-spelar Christoffer Rekdal (bror til Andreas) har meldt overgang til Herd, melder lgfk.no. Rekdal har også bakgrunn frå juniorlaget til Hødd.

Eirik Heltne.