Overraskande god 1.-omgang av Hødd, sjølv om Molde ikkje akkurat imponerte nokon. Heimelaget var aggressive og kjempa heroisk til stor jubel frå Hødd-publikummet. Molde stod for kampens største sjanse: Ei heading som Vebjørn Skeide hadde god kontroll over. Hødd følte seg snytt for straffe ved to høve. Begge gongane var Joachim Magnussen mannen i vinden; i duell med Molde-forsvaret gjekk han i bakken – men utan at dommar Kringstad såg noko kritikkverdig ved situasjonane.

Dobbel Diouf

I andre omgang tok derimot Molde over. Innbytar og Tippeliga-profil Mame Biram Diouf kom inn etter ei periode med få sjansar og sette inn to kjappe scoringar – og med det spikaren i Hødd-kista. Elles positivt å sjå at Hødd satsar på dei unge. Audun Scheide og Anders Gaustad som begge held junioralder fekk prøve seg. Sistnemnde er første spelar i frå 91-årgangen til Hødd som prøvar seg for a-laget i ein offisiell kamp. Kampfakta 2. runde NM herrer 24.05.09 Hødd – Molde Mål: 0-1 Mame Biram Diouf (63), 0-2 M.B. Diouf (74) Tilskodarar: 752 Dommar: Sigurd Smehus Kringstad Hødd: Vebjørn Skeide, Ulrik Wingsternes, Fredrik Klock, Finn-Erik Stavseng, Oddbjørn Lie, Helge Edinsen, Andreas Rekdal, Erik Sandal, Anders Vaagen, Joachim Magnussen, Vegard Heltne Desse kom inn: Anders Gaustad, Kazeem Ahmed og Audun Scheide.