Torsdag reiser journalistane Einar Orten Trovåg, Joar Drønnesund og Marius Myklebust til hovudstaden. Drønnesund har hovudansvaret for å ta temperaturen på det kulturelle som skjer i Oslo denne helga. Trovåg skal ha eit oppsyn med det sportslege, og blir til stades i LSK-hallen under og etter Hødd-treninga der laurdag. Myklebust har ansvar for å halde opp trykket på vikebladet.no gjennom veka. Fredag kjem også Leiv Arne Grimstad til Oslo. Han deler sine tanker og skråblikk om cupfinalen i spalta “LAGs corner”, Grimstad skal også på pressetreff med Tromsø laurdag ettermiddag.

– Målet er å gi alle Hødd-interesserte som held seg heime, og dei som er i Oslo, ei informativ og brei dekking av alt det kulturelle og sportslege som skjer rundt Hødd denne helga, fortel dei fire journalistane.

Også mesteparten av Vikebladet Vestposten si marknadsavdeling blir å treffe i Oslo, på stand saman med Sunnmørsposten på Youngstorget (“Sjøgata”) fredag og laurdag.

– Dette er utan sidestykke den største satsinga vi har hatt på eit arrangement nokon gong, fortel Asle Geir Widnes Johansen, ansvarleg redaktør i Vikebladet Vestposten, som også skal stå på stand.

Tips til Vikebladet Vestposten sin Oslo-redaksjon?

Send e-post til redaksjon@vikebladet.no, SMS til 481 25 272 eller legg inn ei melding på facebook-sida vår.