- Rosenborg er eit lag som har vunne med 13 og 16 mål i dei tidlegare rundene, så at vi held dei så lenge er rett og slett imponerande av oss, fortalde Hødds G16-trenar Harald Rise til Vikebladet Vestposten like etter kampslutt.

Hødd tok leiinga allereie etter sju minutt, då Mohamad Abdi Ushey krangla inn kampens første skåring i duell med RBKs keeper.

Sjølv om gjestane frå Trondheim var farleg frampå ved eit par høve, klarte dei ikkje å svare på leiinga til pause.

Snuoperasjon

Det skulle ta 12 minutt av den andre omgangen før trønderane klarte å utlikne. Då tråkla Vegard Erlien seg gjennom midtforsvaret og banka inn 1-1 nede i det venstre hjørnet.

Om lag 13 minutt seinare snudde bortelaget kampen i sin favør. Eit langt utspel frå keeperen hamna i beina til høgrekanten Sivert Solli, som trekte seg inn i bana og hamra ballen i nettet.

Dryge fem minutt før full tid sikra Victorie Gamwanya sigeren for dei kvitkledde, og fastsette sluttresultatet til 1-3 på Høddvoll kunstgras.

- Har hovudet heva

Rise var på ingen måte skuffa over å ha roke ut av vupen då lokalavisa snakka med han etter kampen.

- Dette er eit av Noregs beste gutelag og vi merka at dei var kjappare i beina enn det vi var. Vi hadde ikkje rekna med at vi skulle slå dei til slutt. Det hadde vore gøy om vi hadde klart å halde dei unna ein halvtime til, sa Hødd-trenaren.

- Var det surt å ryke ut når de var så nære?

- Vi går ut av dette med heva hovud. Vi fekk sjå kor lista ligg, og no veit vi kva vi må trene meir på og kva vi er gode på. Det var i alle fall ei artig oppleving for oss alle.

KAMPFAKTA

NM G16 (Telenor Cup)

Hødd - Rosenborg 1-3 (1-0)

Høddvoll kunstgras

Tilskodartal: om lag 125

Mål: 1-0 Mohamed Abdi Ushey (7), 1-1 Vegard Erlien (52), 1-2 Sivert Sollie (65), 1-3 Victorie Gamwanya (76)

Dommar: Kristian Melset, Sykkylven IL - Grei

Gult kort: Eirik Saunes, Nawid Miri (Hødd).

Hødd (4-2-3-1): Sivert Pieroth - Nawid Miri, Eirik Sæther, Markus Gjerde, Iver Vattøy - Daniel Haanes, Eirik S. Kristiansen (K) - Eirik F. Saunes, Bendik Rise, Isak Haanes - Mohamed Abdi Ushey

+ Håkon Brautaset, Emil Mork, Oskar Kristoffersen, Daniel Eid, Sander Kanestrøm, Mattis Ringstad

*** Eirik Kristiansen** Mohamed Abdi Ushey* Eirik Saunes