- Eitt poeng var minimumskravet vi hadde til oss sjølve denne gongen. Klart, vi skulle sjølvsagt hatt tre. Men med eitt poeng er vi meir eller mindre sikra i 1.-divisjon, seier Jesper Törnqvist etter 1-1 borte mot Alta søndag kveld.

Han synest 1-1 gav eit greitt bilete av kampen.

- Det vart ein skikkeleg fight mot eit lag som måtte ha poeng. Dei jobba som villdyr. Og det vart ikkje akkurat sambafotball ut på der. Det vart mange harde taklingar og heite situasjonar. Vi var kanskje nærare 2-1 enn dei, med tanke på Robin Shroot sitt stongskot. Men 1-1 var vel greitt nok, meiner Hødd-kapteinen.

Og får støtte av Vegard Heltne.

- Det er litt bittert å ikkje vinne med tanke på sjansen til Shroot. Når det er sagt var Alta nærast før den sjansen. Vi fekk eigentleg 2. omgangen slik vi ville ha han. Vi visste at Alta ville gå ut i 100, så vi måtte senke tempoet og utnytte overgangane. Vi var best første 10-15 av 2. omgang. Og eg hadde jo ein sjanse der eg var millimeter frå scoring. Men etter den perioden vart det mykje hawaii. Og alt i alt er eitt poeng slik sett greitt, meiner Heltne, som spelte ein god kamp på Hødd sin venstreback - og deretter venstrekant.

- No er plassen sikra, eller?

- Så godt som. Vi kan i alle fall senke skuldrene. Eg håper vi kan klatre på tampen og kanskje klare ein 8.-plass til slutt, seier Vegard Heltne.

Det blir inga "ståplass-feiring" i kveld. Dei fleste Hødd-spelarane reiser til Amsterdam like etter sesongslutt for å bruke opp pengane dei har samla i botkassa dei to siste åra.