Ekstremsportveko på Voss, festivalen for idrettsmenn- og kvinner med sansen for det ekstreme, arrangerast i år for 17. gang. Ein av dei mest populære og kanskje den aller råaste konkurransen er det tredelte Horgi ned. Eit triathlon som består av éin del skikøyring, éin del sykling og éin del elvepadling. Nettopp denne konkurransen har Kamilla Sporsheim frå Dimna no vunne to år på rad, ettersom ho vann den individuelle jenteklassen i årets utgåve som gjekk av stabelen måndag.

- Skidelen gjekk kanonbra, og eg fekk eit minutt forsprang på syklinga. Då kunne eg ta det roleg og halde meg på sykkelen, og ikkje ta nokon sjansar. Det gjekk fint, men på padlinga var eg veldig sliten. Men det gjekk bra, og eg er veldig nøgd med alt eigentleg, seier Kamilla til nettutgåva av sportsmagasinet Fri Flyt.

Få konkurrentar

Dimna-jenta er nok mest kjend for folk her heime som tidlegare friidrettsutøvar i Dimna IL og trommis i det lokale bandet Mystified. Når ho i år konkurrerte om den gjevaste plasseringa i Horgi ned under Ekstremsportveko på Voss, var det med berre to andre deltakarar på startsteken.

- Jentene må berre hive seg med! Du treng ikkje vere god, alt går jo nedover! Ein kan vere litt stabil i padlinga, men ski og sykkel krever ikkje mykje. Dette er verdas artigaste konkurranse, så folk må berre bli med, er oppmodinga frå Kamilla til Fri Flyt sine lesarar.