Desember er høgtid for innandørsturneringar i fotball. Romjula byr mellom anna på Grendacupen, samt romjulsturneringar ei rekkje stadar, men også før juleklokkene ringer er det høve til å boltre seg på hallgolvet.
Kvelden fredag 16. desember startar den tradisjonelle Nattcupen i Ulsteinhallen, og der blir det fotball til langt på natt, og kanskje også godt utpå morgonkvisten.
Håpar på minst like mange
Elevane i 3.-klasse på idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule står som vanleg som arrangørar, og håpar på å tangere eller auke talet på påmelde lag frå 2015. Då vart det sett ny rekord for turneringa med 50 deltakande lag.
- Til no har vi 14 påmeldte, men vi håpar på ny rekord eller minst like mange lag som i fjor, fortel Andrine Brandal Dahl, Sveinung Tilseth Sæterås, Eline Fylsvik og Daniel Haanes frå 3ID. Dei fortel at det i år blir nokre endringar frå det tidlegare formatet, mellom anna gjennom at ein tenkjer å spele gruppespelet på to baner.
- Då har vi god kapasitet til å ha med endå fleire lag, fortel Andrine Brandal Dahl. Dermed blir også gruppespelet noko meir effektivt å gjennomføre, men sluttspelet skal som vanleg spelast på full bane.
Den beste Nattcupen
Idrettselevane fortel at i tillegg til det livet som blir rundt kampane i hallen, så har dei også opplegg for å halde både publikum og spelarar vakne gjennom cupnatta.
- Vi prøvar å få igong ei Fifa-turnering, slik at publikum også får moglegheit til å gjere noko litt anna. Og kanskje blir det moteshow også, seier Eline Fylsvik og Andrine Brandal Dahl.
- Målet er sjølvsagt å lage den beste Nattcupen som har vore, slår Daniel Haanes fast. Men for å få til det må ein ha både spelarar og tilskodarar, og idrettselevane håpar så mange som råd finn seg eit lag og melder seg på til årets turnering. Påmeldingsfristen er 14. desember. Elevane fortel at dei har fått støtte frå Sparebank 1 som sponor for årets Nattcup.
- Dei sponsar mellom anna hovudpremiane, og vi satsar også på å skaffe nokre sponsorar til å stille med til dømes gåvekort for loddtrekning, slik at det også blir noko ekstra for publikum, seier dei. Får årets turnering om lag like mange lag som i 2015, reknar arrangørane med at finalene i Nattcupen blir spelt tidleg laurdag morgon.