Første helga i februar inviterer Dimna IL til friidrettsfest i Ulsteinhallen, då dei er arrangørarar for innandørs senior-NM i friidrett 2017.

Med mellom anna Karsten Warholm på startstreken på heimebane, i tillegg til store deler av den norske friidrettseliten blir det truleg ei solid sportsoppleving.

No har også Dimna IL lagt billettane til NM ut for sal, og publikum kan sikre seg tribuneplass til dei to stemnedagane.

Dimna IL har tidlegare arrangert UM innandørs, men no er det seniorutøvarane som står for tur, og det vil seie at 500 av dei beste friidrettsutøvarane frå heile landet kjem til Ulsteinvik. Dermed må også over 100 frivillige i sving for å få gjennomført NM på ein skikkeleg måte.

Les også: Gler seg til å få Norgeseliten til Ulsteinvik