Han er ein av Hødd-spelarane som har starta alle seriekampane så langt.

– Det har gått bra. Eg har jo blitt skifta ut i nokre av kampane. Etter dei fire-fem første kampane kjende eg meg litt sliten, men no har det gått seg til. Eg var ikkje sliten mot Kristiansund. Vi låg jo rett nok berre i ramma og skyvde, smiler “Aurs” i samtale med Vikebladet Vestposten fredag føremiddag.

Han har i mange år ofte spelt fleire kampar i veka, noko han synest “berre er gøy”.

– Men det er litt annleis på dette nivået, vedgår Fredrik.

– Gøy å vere idiotar

17-åringen starta 21 av 30 seriekampar i fjor, då Hødd berga plassen med eit nødskrik i siste runde. Han synest årets sesong har gått om lag som forventa.

– Vi har vel ikkje sett oss ei konkret felles målsetjing, men dei fleste spelarane har mål om topp seks. Og no ligg vi på 6.-plass. Vi har jo også ein hengekamp borte mot Follo. Hadde han gått i dag og vi hadde vunne han ville vi ha lege på 3.-plass. Så starten på sesongen har absolutt vore bra. Det er ikkje minst gledeleg at vi har gjort det betre på bortebane. Vi har blitt vaksnare og meir kyniske.

– Er det kjedelegare å spele kyniske fotball enn å ha ei meir offensiv tilnærming til bortekampane?

– Nei, eg synest i grunnen det berre er gøy å vere idiotar, meiner Aursnes.

– Sekspoengskamp

Søndagens motstandar Mjøndalen har lagt seg midt på tabellen med 13 poeng, to færre enn Hødd.

– Det blir nok ein ny slitekamp, som i Kristiansund. Mjøndalen var gode i fjor og ligg greitt an i år også. På ein måte blir det ein sekspoengskamp, sidan eg trur både vi og dei vil kjempe om ein kvalikplass. Lett blir det ikkje. Eg veit Mjøndalen er eit ekkelt lag å møte. Men vinn vi denne ligg vi veldig bra an. Då har vi slått fleire topplag. Etter kvart skal jo vi ut i fleire kampar mot lag som ligg langt nede på tabellen, fortel Fredrik Aursnes.

– De hadde kamp onsdag, Mjøndalen måndag. Trur du det har noko å seie?

– Kanskje, men eg trur ikkje det. Dei skal vel bruke litt tid på å reise oppover hit også, så då er vi om lag “even”.

Siger og tap

I fjor haust vann Hødd 3-0 heime mot Mjøndalen, etter to straffemål av Thomas Lid Kleppe og eitt “vanleg” mål av Pål André Helland. Om våren tapte Hødd 2-1 på Nedre Eiker. Sivert Heltne Nilsen putta for bortelaget.

Hødd-Mjøndalen følgjer du som vanleg live på vikebladet.no. Vi kjem med startoppstillingane og anna info i god tid før kampstart 18.00