Hareid opna sesongen på best mogeleg vis, men kan Stig Monsen sine utvalde ta tre nye poeng mot trenaren sine gamle elevar?

Begge scora fem

I første serierunde kunne Hareid IL juble for storsiger og resultatet 1–5 i bortekamp mot Valder. Det synte at dei mange gode resultata i oppkøyringa ikkje var tilfeldig, men 4.-divisjonsklubben får nye tøffe oppgåver i tida framover.

Den første kjem torsdag, i form at eit anna lag som opna sesongen på imponerande vis. Rollon gav seg heller ikkje før dei hadde sett fem ballar i mål, og på heimebane lét dei ikkje bortelaget Langevåg sleppe til framom eige mål. Faktisk var det heile fire lag som scora fem mål i den første serierunden. I tillegg til Hareid og Rollon var også Larsnes/Gursken og Emblem ivrige framom mål.

Det gode resultatet i serieopninga har ført til at Hareid IL skriv om fotballfeber på Hareid før Rollon-kampen. Det er venta at Rollon kjem til Hareid med rundt 50 supporterar, og at det totale publikumstalet kan kome opp mot 200 på Hareidsmyrane stadion.

– Om det stemmer så ville det vere flott. Ingenting ville vere betre, slår Stig Monsen fast.

Nøgd Monsen

Han var svært godt nøgd med prestasjonen til Hareid-spelarane i første serierunde.

– Ja, og det har spelarane fått vite også, seier trenaren før han legg til;

– Det er alltid lurt å vinne fotballkampar.

Sjølv om Monsen trente Rollon i sju år, så har ikkje trenaren inngåande kjennskap til årets lag.

– Nei, eg kjenner ikkje årets lag så veldig godt, det er ein del nye namn i klubben sidan eg var der.

Men du veit kva som skal til for at Hareid slår Rollon torsdag?

– Ja, svarer Monsen kontant.

Trenaren meiner laget må prøve å ta med seg dei gode prestasjonane frå serieopninga.

– Om alle 11 på bana presterer opp mot det dei kan, så har vi gode sjansar, seier han.

Då vi snakka med Monsen var han ikkje heilt sikker på korleis Hareid-laget vil kome til å stille opp mot Rollon, men han venta at det kunne bli nokre endringar frå laget som slo Valder.

I ein treningskamp i mars vann Hareid 4-3 mot Rollon. Tilsvarande oppgjer i 2014 enda med 2-1 siger til Rollon og årets første heimetap for Hareid.