Hødd opna sin første kamp på nye Høddvoll med å rote skikkelege defensivt. Både Steffen Moltu, Aslak Falch og Jesper Törnqvist heldt på å gje FFK store sjansar, men Hødd var farlegast når sjansen dukka opp. Magnus Myklebust leverte førearbeidet og lobba ballen inn i feltet. Etter ein duell prøvde FFK å klarere, men det gjekk rett i Joakim Wrele som berre trengte å stå på rett plass for å score eit historisk mål.
Etter scoringa tok FFK over mykje av banespelet, men kom ikkje til dei store sjansane. Utover i den første omgangen løfta Hødd seg, pressa FFK høgare i bana og fekk meir orden på sitt eige spel. Då kom også sjansane, aller størst for Eirik Ulland Andersen to minutt før pause. Då var det nære at Hødd gjekk opp i 2-0.
I pausen får Eldor Skeide og André Nevstad utdelt æresmedlemskap i IL Hødd.
I den andre omgangen er det bortelaget som er friskast. Hødd har nokre sjansar og spesielt på kontringar har dei sjansane til å straffe FFK, men FFK tok meir og meir over banespelet. Mot slutten er det klart mest FFK og bortelaget får eit temmeleg fortent utlikningsmål ved Burgos etter 87 minutt. FFK er også nære ved å sette endå ei scoring på slutten, men maktar ikkje å få ballen forbi Aslak Falch, og laga deler poenga i den historiske kampen på nye Høddvoll.
4 min: 1-0 Joakim Wrele "lurer" ballen i mål etter godt forarbeid frå Magnus Myklebust. Duell i feltet og Wrele er på rett stad til rett tid.
40 min: Gult kort til Amin Nazari.
43: Kjempesjanse til Eirik Ulland Andersen etter flott spel frå Fredrik Aursnes og Michael Karlsen.
66 min: Magnussen og Kallevåg kjem inn for Myklebust og Ulland Andersen.
69 min: Törnqvist er svært nære ved å stusse inn 2-0 etter eit frispark frå venstre.
87 min: Burgos utliknar med tre minutt igjen av ordinær tid.
Hødd startar med dette laget: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak - Joakim Wrele, Ole Amund Sveen, Fredrik Aursnes - Magnus Myklebust, Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen.
Benken: Ole Monrad Alme, Erik Sandal, Joachim Magnussen, Ruben-Kenneth Brandal, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Sondre Beite.
Les kva Sindre Eid seier nokre timar før kampstart.
Kampstart er 19:00.
Sjå også: - Det blir ein heilt spesiell dag
Les korleis det har gått med dei andre kampane i OBOS-ligaen.