I helga skal Hødd Gutar 13 delta på Fredrikstad Cup. Dette er landets største handball-cup for born og unge mellom ni og atten år. Turneringa har 706 påmelde lag og 10 500 deltakarar.
Laurdag 14. og 15. mai kan du følgje kampane frå hovudbanen i Fredrikstad direkte på TV2 Sportskanalen og TV2 Sumo. TV2 har plukka ut 14 kampar dei sender direkte på TV. Laga representerer alle regionar i landet.
- Dette er handballen sitt svar på Norway Cup. To dagar fylt av idrettsglede, spenning og lokalt engasjement. For oss som sportskanal er dette eti privilegium å få formidle, seier Vegard Jansen Hagen, sportssjef i TV2.
Det er tidlegare landslagsmålvakt og TV2-ekspert Fode Scheie som kommenterer kampane.
Fjernsynskanalen tenkjer at det vil vere eit minne for livet for dei unge spelarane å få spele ein TV-kamp. Dei ønskjer å skape eit best mogleg ramme for å ta vare på augeblikket og levere ein produksjon som viser at dei tar spelarane, sporten og turneringa på alvor.
Laurdag ettermiddag kan du sjå Hødd Gutar 13 spele mot Vålerenga.