Hødd: Jan-Lennart Urke - Eirik Skaasheim, Hugues Wembangomo, Jokaim Wrele, Christoffer Aasbak - Fredrik Sjølstad, Bendik Torset, Torbjørn Kallevåg - Magnus Myklebust, Robin Shroot, Eirik Ulland Andersen.

Benk: Sivert Pieroth, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Didrik Sereba, Joachim Magnussen, Øystein Vestvatn, Sondre Sandnes Beite.

Sandefjord: Ingvar Jonsson - Lars Grorud, Viktor Demba Bindia, Christer Hansen - Håvard Storbæk, Kevin Larsen, Enric Valles Prat, William Albin Kurtovic, Eirik Offenberg - Peter Kovacs, Kjell Rune Sellin.

Benk: Anders Gundersen, Geir Ludvig Fevang, Erik Mjelde, Sverre Martin Torp, Kristoffer Normann Hansen.

57 min: 0-1 Sandefjord scorar på straffe. Hugues Wembangomo sette inn ei takling på Lars Grorud inne i 16-meteren, og dommar peika på straffemerket. Derfrå scora Håvard Storbæk, sjølv om Jan-Lennart Urke fekk ein hanske på ballen.

73 min: 0-2 Storbæk igjen, og det er igjen på ei straffe. Denne gongen er det Torset som blir vendt vekk for enkelt, kjem på etterskot og feller Normann Hansen. To stygge feil i forsvar har gitt Sandefjord to mål.

75 min: 0-3 Vakker scoring frå Eirik Offenberg. Trekk seg inn frå høgresida og legg ballen opp i det lengste krysset. Men kvar var Hødd-forsvaret?

81 min: 1-3. Joachim Magnussen har vore på bana i ti sekund då han scorar med si første berøring på ballen.

Hødd får det framleis ikkje til å stemme. Etter ein temmeleg positiv førsteomgang, der laget sette press på Sandefjord og skapte nokre halvsjansar, kasta heimelaget frå seg initiativet i kampen då Hugues Wembangomo laga straffespark 12 minutt ut i den andre omgangen.

Etter det vart det mindre kvalitet og meir stress i spelet til Hødd, og vondt vart verre då også Bendik Torset laga straffe. Og då Sandefjord la på til 0-3 kort tid seinare var kampen punktert. Målscorar Offenberg presterte å bli utvist knappe minuttet etter å ha scora Sandefjord sitt tredje, og Hødd utnytta overtalet nokre minutt seinare då Joachim Magnussen sette 1-3 med si første berøring.

Meir fekk ikkje Hødd til, og dermed måtte publikum gå frå Høddvoll med eit nytt skuffande resultat i sekken.

Før kampen:

Det såg endeleg ut til å snu for Hødd då dei slo Sandnes Ulf 2-0 heime på nye Høddvoll. Men dei gode taktene var gløymt ei veke seinare, då laget tapte 2-1 borte mot Strømmen etter ei svak førestelling.

Trenar Hans-Erik Eriksen meinte då det var godt at neste kamp kom allereie torsdag, men Hødd må løfte seg mange hakk om det skal bli tre poeng heime mot Sandefjord.

Bortelaget har så langt teke 13 poeng på dei seks første kampane. Det einaste tapet kom borte mot Levanger, og Sandefjord har mellom anna slått Mjøndalen 2-0 og Strømmen 4-1.

Hødd står med den einslege sigeren frå sist heimekamp. Fem poeng på dei seks første kampane er klart mindre enn laget hadde håpa på, og det er ei solid utfordring som står i vente når laget som spelte Tippeliga i 2015 kjem på besøk.

Hødd og Sandefjord har allereie møttest ein gong denne sesongen. På La Manga var det Sandefjord som trekte lengste strået, etter at Hødd kjempa i kraftig motvind i heile førsteomgangen. Til pause leia Sandefjord 1-0, men Hødd kom tilbake og svara ved Eirik Ulland Andersen. Men Sandefjord har mykje rutine i laget, og med ein mann som Peter Kovács i troppen må ein passe på. Han sikra sigeren for Sandefjord fem minutt etter at han kom inn frå benken.

Sist laga møttest i offisiell kamp var på Høddvoll i august 2014. Då vann Sandefjord 4-1 på vegen mot opprykk til Tippeligaen. I bortekampen tidlegare på året fekk Hødd med seg eitt poeng etter 1-1. Då scora Joachim Magnussen for Hødd.

Den tidlegare Hødd- og AaFK-spelaren Kjell Rune Sellin er Sandefjord sin toppscorar med tre mål på dei første seks kampane i Obos-ligaen. I tillegg har både Kovács, Andre Sødlund og Eirik Mjelde scora to mål kvar.

Kampstart på nye Høddvoll er 19.00. Vi følgjer kampen direkte her på Vikebladet.no

Hans-Erik Eriksen og Lars Bohinen snakkar saman før kampen mellom Hødd og Sandefjord.