- Eg ser ingen grunn til at ikkje Karsten Warholm si tid på 400 meter kan verte godkjend som meisterskapsrekord, seier teknisk konsulent i Norges Friidrettsforbund, Ole Petter Sandvig til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at dette likevel må diskuterast, men at dei truleg vil kome med ein konklusjon i løpet av kommande veke.

Så lenge det ikkje eksisterer det ein kallar eit "elektronisk bilete" av løpet kan ikkje Karsten Warholm si tid verte offisiell norsk rekord, men mykje talar for at Karsten si tid på 45,8 likevel vert ny meisterskapsrekord.

Den vil då erstatte Quincy Douglas sin gamle rekord på 46,38 frå NM på Byrkjelo i 1999. Douglas sin meisterskapsrekord er også gjeldande noregsrekord på 400 meter for menn senior.