Hødd: Jan-Lennart Urke - Øystein Vestvatn, Hugues Wembangomo, Joakim Wrele, Eirik Skaasheim - Fredrik Sjølstad, Bendik Torset, Torbjørn Kallevåg - Didrik Sereba, Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot.
Benk: Sivert Pieroth, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Magnus Myklebust, Joachim Magnussen.
Strømmen: Omenås - Nilsen, Strømnes, Nakkim, Adebahr - Melgalvis, Achrifi, Rasch, Øby - Brændsrød, Konate
Benk: Knudsen, Lange, Grødtlien, Andresen, Rødsand og Dernjani
Første omgang:
Det var heimelaget som kom best igang på Strømmen stadion, og som skapte dei første småsjansane. Som i fleire av dei tidlegare kampane til Hødd, hadde laget bra med ball, men utan å skape så mykje i opninga.
Heimelaget tok også leiinga etter 28 minutt, då Achrifi og Rasch spelte vegg, før førstnemte sendte i veg eit vakkert skot opp i lengste hjørnet.
Hødd var nære ved å utlikne, då Eirik Ulland Andersen kom til ei heading frå sju meters hald, men keeper Omenås var med på notane og leverte ei strålande redning for å halde ballen ute.
I staden var det heimelaget som dobla sju minutt før pause. Ingen fulgte Rasch i 16-meteren då eit innlegg kom frå Strømmen si venstreside, og dermed fekk midtbanespelaren ei enkel oppgåve med å sette inn 2-0 frå om lag ti meter.
Andre omgang:
Hødd måtte jage redusering frå start i den andre omgangen, og fekk løn for strevet ti minutt etter pause. Eirik Ulland Andersen gjorde alt sjølv, då han først vann ballen, passerte eit par forsvarar og smelte ballen i mål bak Strømmen sin keeper. Dermed var det med eitt spenning i kampen igjen, og Hødd pressa på for utlikninga.
Men sjølv om Hødd hadde eit til dels massivt press mot målet til heimelaget, så vart det ikkje flust av sjansar for dei blåkvite. Og Strømmen, som la seg svært lavt i perioder, var svært farlege på overgangar. Jan-Lennart Urke måtte levere eit flott dobbelredning for å halde Hødd inne i kampen, og kort tid seinare var det Hødd som var nære. Innbytar Joachim Magnussen styrte eit innlegg mot mål, men Strømmen-keeper Omenås fekk ei hand på ballen og fekk avverga.
Hødd makta aldri å finne dei rette opningane, og sjølv om presset mot Strømmen-målet var stort, så var det heimelaget som til slutt kunne juble for sin første siger for sesongen. Hødd vart straffa etter ein for dårleg prestasjon før pause, og må igjen vende tomhendte tilbake til Ulsteinvik.
Før kampen:
Tre poeng og 2-0 siger over formsterke Sandnes Ulf smakte godt for både spelarar og støtteapparat i Hødd sist helg. Årets første siger i serien kom mot eitt av laga som er tippa blant opprykksfavorittane. No møter Hødd eit av laga mange ventar skal hamne i motsett ende av tabellen.
Strømmen har også starta sesongen utan siger på dei fem første kampane, men har heller ikkje tapt meir enn ein. Så langt har nemleg Strømmen vore uavgjortspesialistane i årets Obos-liga. Fire uavgjorte kampar er mest av alle i divisjonen. Ein må faktisk tilbake til første serierunde for å finne siste seriekampen som ikkje enda med poengdeling. Då tapte Strømmen 4-1 borte mot Sandefjord.
- Strømmen har vist at dei er eit vanskeleg lag å slå, og spelte faktisk uavgjort i Cupen mot Kongsvinger no sist også. (Strømmen rauk ut etter straffekonk journ.anm). Dei har spelt mange jamne og fleire gode kampar. Vi må heilt sikkert opp mot vårt beste for å ta tre poeng borte mot Strømmen, fortel Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen.
Poengdeling sist
Også sist Hødd møtte Strømmen enda det med poengdeling. I ein grå og kjedeleg kamp på nye Høddvoll enda det 1-1 etter at bortelaget haddef ått med seg ei tidleg leiing. Betre gjekk det i serieopninga borte mot Strømmen. Då vann Hødd 1-0 etter scoring frå Magnus Myklebust.
Mot Strømmen manglar Christoffer Aasbak, som fekk sitt tredje gule kort for sesongen i kampen mot Sandnes Ulf. Vegard Heltne er framleis ute med skade. Hans-Erik Eriksen fortel at Joachim Magnussen fekk seg ein smell på trening fredag og derfor må testast før avreise, men at troppen elles er skadefri.
Med dei to førstevala på venstreback ute mot Strømmen må Hødd finne andre løysingar. Øystein Vestvatn har vikariert der i nokre av treningskampane til Hødd.
- Vi har fleire moglegheiter, men det ender nok opp med at vi stiller med ein venstreback, seier ein lattermild Hans-Erik Eriksen, som ikkje heilt vil avsløre kva planar han har lagt før bortekampen.
Han legg likevel ikkje skjul på at Hødd no jaktar ein ny siger.
- Vi har klare intensjonar om å reise til Strømmen for å hente med oss ein ny siger, og må finne rette strategien for å få det til. Vi fekk oss eit løft etter den gode prestasjonen mot Sandnes Ulf og no handlar det om å gjere det vi kan for å halde på den gode kjensla, seier Eriksen.
Kampstart på Strømmen Stadion er 18.00. Vi følgjer kampen her på Vikebladet.no