Karsten Warholm har allereie sikra seg EM-gull denne sesongen, men etter å ha vunne to løp i Diamond League i 2017 var fasiten null sigrar før finalen i Zürich torsdag.

Denne gongen gjekk konkurransen utan suverene Abderrahman Samba, og det var difor venta at det ville stå mellom Karsten Warholm, Kyron McMaster og Yasmani Copello.

McMaster hadde på førehand den beste personlege rekorden av dei tre med 47,54. Warholm sin "pers" ordna han i EM-finalen då han sprang i mål på 47,64.

Som Warholm har også McMasters for vane å opne sterkt, men det var Warholm som var best på dei første 200 metrane. Ut på oppløpet var han i føringa, men McMaster kom sterkt på slutten. Vinnartida i var ikkje i nærleiken av "persen" til dei to på 48,08, men det var Kyron McMaster som var nokre centimeter framom nordmannen i mål. Warholm kom i mål på 48,10 og måtte ta til takke med ein andreplass i Diamond League-finalen for andre år på rad.

Til NRK seier Warholm at det var tungt inn på oppløpet, men at han synest det er "heilt nydeleg" å ta ein andreplass i ein Diamond League-finale.

- Det var ganske close race og det er alltid kjipt å vere den som kjem bak der. Samstundes er det betre å vere to hundredelar bak enn to tidelar. Eg gjorde alt eg kunne, seier Warholm.

Warholm leverte sitt sjuande løp i år som var betre enn hans personlege rekord frå 2017.

Siste løp for Warholm denne sesongen blir under kontinentalcupen i Ostrava om halvanna veke.