Etter at 2-1 sigeren mot KFUM, eller "Kåffå", var eit faktum, kunne Hødd-trenar Sindre Eid og resten av Hødd-benken springe lukkelege ut på bana og feire saman med laget. Dette var ein siger av det ekstra smakfulle slaget, vedgår Eid.

- Dette var heilt sjukt altså! Slike sigrar er ekstra artige. Vi visste vi ville møte eit svært godt fotballag, og då smakte det ekstra godt med siger, seier Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Eid meiner KFUM har underprestert dei siste kampane, og fortel at Hødd venta å møte ein revansjesugen motstandar. Statistikkane var også på Oslo-laget si side før kampstart. Sist Hødd møtte KFUM heime i serien var i 2016, den gongen i OBOS-ligaen, og då blei resultatet det akkurat motsette av dette. På eit regntungt og vindfult Høddvoll byrja KFUM med vinden i ryggen, noko Eid meiner hadde litt å seie.

- Det var vanskelege forhold, men det er klart - vi klarte ikkje å setje spelet vårt i første halvdel av omgangen. Etter dette meiner eg vi var meir jamspelte. I andre omgang gjekk vi "all in", og fekk betalt for det, seier Eid nøgd.

- Kjenneteiknar eit lag som vil rykke opp

Det sat langt inne ei lang stund i denne kampen, men Hødd lukkast altså med å snu om på det heile - heilt til slutt.

- Det er ofte det som kjenneteiknar eit lag som presterer godt, og som anten vil vinne eller rykke opp. Vi måtte grave djupt i oss sjølve i dag, og klarte å snu det. Dette lovar godt for fortsetjinga, og det blir mange spanande kampar denne hausten, seier Sindre Eid.

Tre nye poeng gjer at serieleiar Hødd rykker litt meir ifrå Skeid, som har éin kamp mindre spelt. Hødd har no 34 poeng etter 16 serierundar, medan Skeid har 29 poeng etter 15.