Ho hadde beste karakter i skranke med 15,3 poeng. I denne øvinga gjorde Kristina nytt avsprang med dobbelt pikert salto for første gong i konkurranse. I hopp gjorde ho pikert thsukahara, også det for fyrste gong  og landa fint på det hoppet. Nivået i klasse 1 er godt og fleire av gymnastane har hevda seg godt i Norgescupen i år.

Sofie Fylsvik kom på 6. plass klassa for rekrutt 11 år. Ho turna jamt og godt i alle apparat. Thale Veddegjerde vart nr 11 i same klasse. Julie Teige Djupvik vart nr 8 i klassa for rekrutt 12 år.

Midtnorsk og regionfinale

Det var Steinkjer Turnforening som arrangerte Midtnorsk-meisterskap og regionfinale i turn i 27–28 oktober. Arrangementet var i den nye turnhallen som stod ferdig i mars i år.

Det var eit godt gjennomført arrangement med i alt 100 deltakarar fordelt på sju lag med turnarar frå Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. IL Hødd Turn hadde denne gongen med fire gymnastar.

Sportsleg kan Hødd Turn vise til gode resultat og alle turnjentene frå Hødd kvalifiserte seg til ei eller fleire finaleplassar.

Regionfinalen

Kristina Eiken Fosse vann også to gull og ein sølvmedalje i regionsfinalen.

Dei seks beste gymnastane i kvart apparat var kvalifisert til søndagens regionfinale. Alle gymnastane frå Hødd kvalifiserte seg til ein eller fleire finalar. Kristina Eiken Fosse kvalifiserte seg til finale i alle fire apparat. Ho vann gull i skranke og bom, sølvmedalje i hopp og fekk 5. plass i si frittståande øving.

Thale Veddegjerde kvalifiserte seg til finale i hopp i klasse rekrutt 11år, og ho vart nummer 4 i finalen berre 0,1 poeng bak bronsevinnaren. Også Sofie Fylsvik kvalifiserte seg til finale i hopp og ho vart nummer 6. Sofie kvalifiserte til finale i bom også og vart nummer 4.

Julie Teige Djupvik kvalifiserte seg til finale i frittståande i 12 års klassa og vart nummer 5.