Ørsta Skisenter på Bondalseidet held ope kvar dag i romjula, og melder om flotte forhold i bakken.

- Vi fekk eit lite snødryss julaftan, og det er meldt litt nysnø, skriv dei på nettsidene sine.

Ifølgje nettsida er det 40 cm snødjupne i hovudtrekket torsdag.

Ifølgje vêrvarslinga skal det kome enda meir snø torsdag og fredag.

T-trekket er ope eit stykke opp i bakken, og det er på plass "railar". Barnetrekket er også ope. Ørsta skisenter har ope på dagtid kvar dag i romjula.

Volda skisenter har ikkje opna for sesongen.