Denne veka har det rasa ein debatt om eigedomsskatt og kommunepolitikk på facebookprofilen til stortingspolitikar Oskar Grimstad (sjå eiga sak). Frp-representanten er skuffa over at Hareid kommune har innført eigedomsskatt og meiner økonomistyringa i kommunen ikkje er god.

– Politikarar som ikkje klarer å styre økonomien, men sender rekninga til veljarane bør få sparken, var noko av det Grimstad skreiv på sin opne profil.

– Populistisk utspel

Det fekk blant anna Stian Runne Brandal til å reagere.

– Ein ting er at Oskar heng seg opp i saka om eigedomsskatt som har blitt drøfta ope og offentleg i lenger tid før fleirtalet av politikarar røysta positivt. Det ser eg på som eit populistisk utspel. Men eg reagerer på det Oskar meiner om økonomistyringa i Hareid kommune, som han skriv ikkje er under kontroll. Trenden er positiv. Vi er framleis ROBEK-kommune og kan ikkje friskmelde oss sjølve. Men ser ein på rekneskapen gjennom denne perioden ser ein at trenden er positiv, seier Brandal.

Og held fram:

– Det same gjeld for kommunebarometeret der det kjem tydeleg fram at Hareid sine innbyggjarar får gode tenester med tanke på kommuneøkonomien. Dette viser at det er gjort grep. Oskar må hugse at han som stortingspolitikar er ein viktig ambassadør for Hareid kommune. Då meiner eg han kan nytte sin posisjon til å betre omdømet til Hareid, og ikkje kritisere noko som vi har jobba så hardt for å betre, i all offentlegheit, seier Brandal, som sit i formannskapet, men presiserer at han uttaler seg som privatperson.

– Ingen er for

Når det gjeld eigedomsskatt, som Brandal har vore med og røysta for, er han klar på at den skal ikkje stige frå den noverande satsen på to promille. Ingen politikarar i Hareid har så langt tala for å heve den, seier Brandal.

– Hugs at ingen eigentleg er for eigedomsskatt. Det er eit grep vi gjer for å betre økonomien i kommunen. Eg forstår dei som synest eigedomsskatten er urettferdig, og håper den får ei kortast mogleg historie i kommunen, seier Stian Runne Brandal.