Det går mot avslutninga på 1.-divisjon G19 på Sunnmøre, og etter nest-siste serierunde ser det ut til at avdelingssigeren og kretsmeistertittelen skal hamne på Høddvoll.

Måndag vart det spelt det som ser ut til å bli ei avgjerande runde i G19-serien. Borte mot botnlaget Rollon vann Hødd med sju mål og gav seg ikkje før stillinga var 9-2. Samstundes gjekk Herd sigrande 3-2 ut av den tette duellen med Norborg/Ravn/Harøy og sørga dermed for at berre tynn teori kan ta frå Hødd avdelingssigeren.

William Valde Bigset med fire mål, Petter Haddal Worren med to, samt scoringar frå Bastian Myklebust Rasmussen, Nicolai Fjørtoft Vik og Håkon Grimstad Thormodsæter sikra dei tre poenga for Hødd.

For før siste serierunde har Hødd tre poeng ned til Herd på andreplass. Hødd har også 38 mål betre målskilnad enn Herd, og det er desse laga som skal møtast i sesongens siste kamp.

Dermed er det svært store sjansar for at Hødd kan juble for avdelingssiger heime på Høddvoll komande måndag.

Tettare i G16

Komande veke skal også G16 1.-divisjon avgjerast. Og som for G19 står det mellom Hødd og Herd. Fredag denne veka møtest desse to laga på Herdbanen og ein eventuell vinnar her vil ha overtaket i avdelinga. Hødd toppar per dags dato, med eitt poeng meir enn Herd.

Spjelkavik ligg tre poeng bak Herd, og har såpass svak målskilnad samanlikna med dei to andre at dei neppe kan blande seg inn i kampen om avdelingssigeren. Laget kan likevel vere med på å avgjere avdelinga. Sist runde slo dei Hødd 5-4 og i siste serierunde skal Spjelkavik vere vertskap for Herd. Då spelar Hødd heime mot Bergsøy.

"Alt" kan skje i G14-avdelinga

Det er Hødd som toppar haustutgåva av 1.-divisjon for G14-lag på Sunnmøre også, men før avslutninga kan det bli fleire ulike utfall i denne avdelinga.

Både Hødd med 11 og Herd med 10 poeng har spelt seks kampar og har to igjen av sesongen, medan Rollon har plukka ni poeng på fem kampar. Både Herd og Hødd skal møte Rollon i løpet av sine to siste kampar, og kampen mellom Rollon og Hødd komande tysdag kan godt verte avgjerande for utfallet av avdelinga. Hødd møter Valder heime på Høddvoll tysdag 17.