TV2 - 9. plass: TV2 trur Hødd hamnar eit hakk lågare på tabellen enn i 2014 då det vart ein 8. plass. Dei trekk fram at alternativa er mange framover i bana, men at det ser tynnare ut bak Törnqvist og Moltu i dei bakre rekkjene. Erik Sandal og Fredrik Aursnes blir trekt fram som Hødd sine viktigaste brikker denne sesongen, og TV2 trur Hødd kan hoppe eit par plassar oppover på tabellen om Sandal finn tilbake til tidlegare takter.

VG - 7. plass: Norges største avis meiner Hødd gjer det marginalt betre enn i fjor, men at laget hamnar på 7. plass og altså ikkje når målsetjinga om kvalik. VG meiner Hødd alltid er eit lag å rekne med, men at det er eit stort minus at Hødd miste Robin Shroot til Sogndal og at Hødd ikkje har nok kvalitet i laget til å sjåast på som noko anna enn ein outsider til topp seks.

Også VG meiner Fredrik Aursnes blir Hødd sin viktigaste spelar denne sesongen.

Dagbladet - 4. plass: Dagbladet har sett opp eit oversikt over sine tabelltips frå 1.-divisjon og ned tilogmed 3.-divisjon (der dei trur Spjelkavik vinn avd. 8 framom Bergsøy og Herd).

Dagbladet meiner Hødd skal klare å sikre seg kvalifisering og har sett opp laget på ein 4. plass i sitt tabelltips.

Arne Scheie - topp 4: NRK Hordaland har spurt kommentatorlegende Arne Scheie om kven han trur er favorittar til å rykke opp frå årets 1.-divisjon. Han slår fast at Brann truleg er tilbake i eliteserien i 2016, men at dei før tøff kamp frå Fredrikstad, Sogndal og Hødd.

Fredrikstad Blad - kvalifisering: Saman med Hønefoss, Brann og Sandnes Ulf blir det kvalifisering til Tippeligaen på Hødd, meiner Joachim Jonsson, som har vurdert 1.-divisjon for Fredrikstad Blad. Dei peikar på at Hødd har ein breiare stall enn på lenge, og at med Erik Sandal tilbake frå skade er laget ein outsider denne sesongen.

Avisa meiner også at Erik Sandal er ein av spelarane ein må sjå opp for i årets OBOS-liga.

Tipsfotball - 10. plass: Landets einaste reine fotball- og spelavis meiner det går dårlegare for Hødd denne sesongen enn i 2014. Dei trekk fram det unaturlege i at ein liten plass som Ulsteinvik har eit lag som år etter år klarar å stabilisere seg i landets nest øverste divsjon.

Tipsfotball meiner Fredrik Aursnes er spelaren motstandarane må sjå opp for i Hødd-laget.

Nettavisen - 5. plass: Nytt stadion og ny optimisme fører til at Hødd går mot ein veldig god sesong meiner Nettavisen. Dei trekk fram at Hødd var dårlege på eige gras i 2014, og at den nye kunstgrasbana vil passe spelestilen til laget betre. Dei stiller samstundes spørsmålsteikn ved om Hødd har klart å erstatte Robin Shroot på ein god nok måte.