Fredag offentleggjorde toppidrettssjef Tore Øvrebø i Olympiatoppen det siste uttaket til OL i Rio de Janeiro, som blir arrangert i august.

Totalt er 62 utøvarar klare for OL, og ein av dei er frå Ulstein kommune. Etter sine fantastiske prestasjonar under EM i Amsterdam var det liten tvil om at Karsten Warholm skulle til Rio, og Øvrebø stadfesta fredag at Warholm er blant friidrettsutøvarane som skal representere Norge.

- Olympiatoppen er opptekne av at ambisjonane i landslaga for å kome til Paralympics og OL må ligge på prestasjon, ikkje på kvalifikasjon. Vi vil at utøvarane skal ha fokus på å prestere i Rio, ikkje berre å kome dit. Dei utøverne som no er tekne ut, er med fordi Olympiatoppen meiner dei har potensial for å prestere på sitt optimale nivå i Rio, sa Øvrebø under presentasjonen av dei siste uttekne utøvarane.

Det internasjonale OL-kravet på 400 meter hekk var på 49,40, medan det strengare særnorske kravet var 49,30. Før EM i Amsterdam var Warholm si bestetid på øvinga 49,45, som også var norsk rekord.

Men under EM presenterte stortalentet seg for alvor og sprang seg rett inn i verdstoppen på øvinga med supertida 48,84. Dermed er Warholm den tiande raskaste i verda på distansen så langt i år.

Les også: OL-klar med supertid