- Dette var veldig kjekt, seier Anita Waage, dagleg leiar i Hareid IL, til Vikebladet Vestposten.

Dei to som var til stades på fotballgallaen som representantar for Hareid IL si fotballgruppe var søstrene Sonja og Cecilie Bjørlykke. Cecilie er leiar for yngres fotballavdeling i klubben, medan Sonja er Fair Play-ansvarleg. Sonja fortel at det var stor stas å få ta i mot denne høgthengjande prisen.

- Vi har jobba hardt for dette, og føler dette var fortent, seier ho.

Hareid var nominerte til prisen saman med to andre klubbar.

Viktig med godt omdømme

Anita Waage fortel at Hareid IL si fotballgruppe har hatt Fair Play som ei eiga satsing i år.

- Vi byrja tidleg å jobbe med dette, og laga eit eige Fair Play-program. Vi har så jobba med å implementere dei gode Fair Play-haldningane i laga våre og foreldregruppa. Målet vidare no er å å få det inn i heile klubben, ikkje berre i fotballgruppa. Denne heideren gir oss sjølvsagt god motivasjon til å halde fram med dette gode arbeidet, seier Waage.

Ho meiner det er viktig at Hareid IL gjer det ein kan for å sikre seg eit godt omdømme.

- Det er viktig å byggje eit godt omdømme og å vere ei viktig samfunnsteneste, i arbeidet med born og unge. Det handlar om respekt og korleis vi behandlar kvarandre, seier Anita Waage.

Kvalitetsklubb nivå 1

Hareid IL kunne også stolt annonsere via si Facebook-side etter gallaen at dei no er godkjende som kvalitetsklubb på nivå 1.Diplomet som stadfestar dette vart også delt ut under årets fotballgalla i regi av Sunnmøre Fotballkrets.