Skarbøvik gjekk friskt ut og pressa høgt i opninga. Diverre for bortelaget blei dei straffa knallhardt dei første ti minutta med det bakrommet som dei mobile Hødd-angriparane fekk boltre seg i.

På 1-0 skar Gustav Brandal Dimmen inn frå sida og putta kontrollert forbi keeperen. Samme mann snuste på bakrommet få minutt seinare og var nok ein gong iskald åleine med keeper.

Spelet svinga begge vegar og Skarbøvik var friske den første halvtimen. Men det var igjen Gustav Brandal Dimmen som kom i sentrum då han blei felt klart av keeper. Håkon Botn Brautaset ekspederte sikkert til 3-0 etter 20 minutt.

Vêret vart tiltakande verre med regn og vind om kvarandre, Hødd-rekruttane sprudla i dei ublide forholda. Klikk-klakk-fotball og fint fotarbeid av mange enkeltspelarar gav bortelaget konstante bekymringar.

Brandal Dimmen lobba sitt femte i mål

4-0 kom etter kombinasjonar av høg klasse der ein helflikk var med på å låse opp Skarbøvik-forsvaret før Brandal Dimmen scora enkelt. Vondt skulle bli verre for Skarbøvik når den fotrappe Wachirawut Phudithip smaug inn i mellomrommet der han slo ein strøken stikker til Brandal Dimmen og vips var det 5-0 og pause.

Med eit slikt pauseresultat vart det rom for bytter og eksperimentering. Det vart ein jamnare omgang, i realiteten ei transportetappe. Begge lag fullførte respektabelt og jakta mål heilt inn. Brandal Dimmen lobba keeper i ingenmannsland og scora dermed nydeleg 6-0. Skarbøvik fekk knota inn eit trøystemål på ein corner.

Blant mange sterke prestasjonar er det vanskelig å ikkje dra fram Gustav Brandal Dimmen med sine 5 (!) mål!

Utnytta bakrommet

Einar Magne Skeide i trenarteamet var godt fornøgd etter 6-1 sigeren.

- Vi gjer ein veldig god førsteomgang, litt meir rotete i andre. Det er alltid vanskeleg å fullføre like bra med 5-0 inn til pause. Skarbøvik er det første laget som har kome hit og gitt oss ein del bakrom, og det utnytta vi, spesielt med Gustav som skora fem mål og blei felt før straffa. Han er veldig rask og flink til å kome inn i bakrommet. Det utnytta vi veldig bra.

På grunn av nært føreståande A-lagskampar er det unge troppar rekruttlaget stiller med i avslutninga.

- Vi har lyst til å fullføre med stil mot Volda, men det blir eit veldig ungt lag då også. Vi viser i dag at vi presterer bra uansett, vi har ein god breidde i stallen. Det blir alltid tøffe kampar mot Volda på bortebane, seier Skeide til slutt.

Kampfakta

4. divisjon menn

Hødd 2 - Skarbøvik 6-1 (5-0)

Høddvoll

Ca 70 tilskodarar.

Dommar: Martin Javier Solheim, Spjelkavik IL

Mål: 1-0 Gustav Brandal Dimmen (5), 2-0 G. Brandal Dimmen (8), 3-0 Håkon Brautaset, (20, str.) 4-0 G. Brandal Dimmen (40), 5-0 G. Brandal Dimmen (45), 6-0 G. Brandal Dimmen (62), 6-1 sjølvmål (83).

Gule kort: Elias Flø, Hødd. Daniel Reza Malakzadeh, Robin Nærø Hessen, Skarbøvik.

Hødd (3-5-2): Joakim Goksøyr Ulstein - Aleksander Kostopoulos Rekdal (K), Petter Haddal Worren (Muren Gjerdsbakk 71), Martin Mork Breivik – Sander Djupvik (Engen 63), Elias Martin Flø, Wachirawut Phudithip, Isak Skare Haanes, William Fjørtoft – Håkon Botn Brautaset (Myklebust Rasmussen 46), Gustav Brandal Dimmen (Ushey 77).

Innbyte: Andreas Debess Moldskred, Bendik August Engen, Sondre Muren Gjerdsbakk, Zakarie Abdi Ushey, Bastian Myklebust Rasmussen.