Det er firmaet Sport Surface frå Haugesund som skal gjere jobben med å legge matta på Bergsøy kunstgrasbane. Matta som vert lagt er toppmodellen deira og mellom det aller beste som fins på marknaden i dag, fortel Torvestad. Dekket vert lagt direkte på den planerte overflata og deretter skal det fordelast 120- 130 tonn kvartssand og 110- 115 tonn gummigranulat mellom kunstgrasfibra på bana. Idrettslaget vil også få ei innføring i vedlikehaldet av anlegget, skriv Vestlandsnytt.