Rosenborg Ballklubb og Tromsø har no blitt samde om ein overgang for Morten Moldskred, men den personlege avtalen gjenstår, melder rbk.no. RBK har følgt Moldskred lenge, og ville eigenleg ha han i august, men då vart dei ikkje samde med Tromsø. Moldskred har spelt for Haddal, Aalesund FK og Hødd. Han debuterte for Tromsø i 2006, der han vart toppscorar med 12 fulltreffarar i 2007 og ti i 2008. I fjor ende han opp med 7 mål, og vart med i landslagstroppen fire gonger. Det er ukjent kva RBK måtte betale for Moldskred. Smp.no spekulerer i fire millionar.
Sport →
Moldskred blir RBK-spelar
Det er no klart at Morten Moldskred (29) frå Haddal blir fotballspelar på Rosenborg.