Bjørge Worren (t.v.) og Svein Dag Slettebakk har teke på seg trenaransvaret for Hareid i 4.-divisjon neste år.

Hareid har dermed vore tidleg ute med å få ting på plass til neste sesong.

I ei pressemelding frå fotballgruppa heiter det at Hareid IL Fotball er fornøgd med løysinga.

Worren og Slettebakk hadde som hovudoppgåve siste sesong å få Hareid høgare opp på tabellen enn i 2009, då Hareid vart nr. 11.

Det makta dei. Laget enda som nr. 7. At laget ikkje greidde 6.-plassen, som ville ha gitt ny kontrakt i divisjonen, forklarer leiinga med at stallen har vore i tynnaste laget og at langtidsfråværa til spelarar som Ronny Jørgensen og Eiliv Tore Howlid vart ein strek i rekninga.

Men fotballgruppa er svært godt nøgde med den jobben Worren/Slettebakk fekk utretta. - Dei har begge tilført a-laget og klubben mykje, og hatt eit brennande engasjement for trenargjerningane sine. Derfor var det eit enkelt val for oss å fornye kontraktane med Worren og Slettebakk, heiter det i pressemeldinga.

SKAL SATSE TUNG PÅ TRENINGSVILLIGE

I 2011 skal Hareid spele i 4.-divisjon, som frå no av blir det øvste krinsnivået på Sunnmøre.

- Ei resultatmessig målsetjing for sesongen er altfor tidleg å setje. Men det er definitivt eit viktig delmål at Hareid a-lag neste år skal satse tungt på dei unge og treningsvillige spelarane i klubben. Men sjølvsagt trengst det også fleire rutinerte spelarar i ein god 4.-divisjonsstall - og slik det ser ut no, kjem dei aller fleste av dei rutinerte spelarane på Hareid til å halde fram. Berre André Skotheim (37) har gitt signal om at han kjem til å trappe ned. For å komplettere stallen føler vi at vi kan ha behov for to eller tre eksterne spelarar. Og om ikkje lenge kjem jakta på eit par treningsvillige spelarar frå andre klubbar til å starte, heiter det vidare.

STARTAR OPPKØYRINGA TIDLEG I DESEMBER

Hareid startar oppkøyringa til 2011-sesongen tidleg i desember. Det blir som vanleg tatt sikte på å spele ein treningskamp før jul, slik at trenarane får sjå alle nye spelarar i aksjon før dei tek ut stallen. Etter jul kan det vere høveleg å spele 10-12 treningskampar, og gjerne få til ein treningsleir eller ei treningshelg.

Hareid IL Fotball varslar også at det kjem til å kome nokre endringar i yngres avdeling før neste sesong. Her er stikkord fokus på hospitering, spelarutvikling, trenarutdanning og organisasjon. Mellom anna vil det bli sett ned eit sportsleg utval, noko klubben i realiteten ikkje har hatt dei siste sesongane. Det vil også bli eit større fokus på at Hareid IL Fotball skal vere ein klubbstyrt klubb.

Alt tyder også på at Einar Orten Trovåg kjem til å halde fram i det viktige vervet som oppmann.