Magnus Myklebust trenar med Hødd om dagen. Foto: arkiv

- Det er uavklara kva klubb Magnus spelar i neste sesong, og han kan også vere ein spelar som er aktuell for Hødd. Inntil vidare skal han trene med oss, seier assistenttrenar Sindre Eid til www.hodd.no

Magnus vart som kjent toppscorar i Hødd i 2004 med 16 seriemål i Adeccoligaen, før han gjekk til Lillestrøm frå 2005 til 2009. Han scora 13 mål på 105 Tippeliga-kampar for Åråsen-klubben.

26-åringen frå Gursken har dei to siste sesongane spelt for Odd Grenland, der han står med fire mål på 36 Tippeligakampar. Han spelte 15 kampar i Tippeligaen forrige sesong.