I fire ulike hallar skal 4x4 lag prøve å kvalifisere seg for eit finalespel i LSK-hallen på Lillestrøm i månadsskiftet februar/mars. Laga er delt inn i fire grupper. Hødd har hamna i gruppe 4 saman med Kristiansund, Ranheim og Levanger. Kampane i Hødd si gruppe går i Abrahallen i Trondheim i tidsromet 31. januar - 1. februar. Gruppevinnarane går til finalespelet, som blir halde 28. februar - 1. mars.