Hareid var svært nære alle tre poenga i oppgjeret mot Larsnes/Gursken på River Plate i vår. Då enda det til slutt med tap etter at Andreas Rekdal og Anders Vaagen scora to mål på to minutt i sluttminutta. To mål frå August Brandal og eit sjølvmål stod for Hareid-scoringane i 3-4 tapet.

Dei siste åra er det Hareid som har hatt eit lite overtak på LGFK med to sigrar på dei fem siste oppgjera mellom laga, men det har like ofte enda uavgjort. Sigeren i vår er likevel LGFK sin første over Hareid på tre sesongar.

Denne sesongen er både Hareid og LGFK innblanda på nedre halvdel og blant dei fem laga som er i faresonen denne hausten. Torsdag vann FK Sykkylven 2-1 over SIF/Hessa og sikra seg sin første trepoengar for sesongen. Dei er dermed berre tre poeng bak Hareid og fem bak LGFK.

Det er Valder og Larsnes/Gursken, begge med 11 poeng, som ligg best an før dei siste kampane i den 13. serierunden, men Hareid kan passere begge to dersom det blir tre poeng fredag kveld.

Både Hareid og LGFK har starta haustsesongen med eitt tap og ein siger. Hareid slo Ørsta 4-2 på Hareid stadion, medan LGFK slo Godøy 2-1 sist runde.

Spelt torsdag:

FK Sykkylven - SIF/Hessa 2-1

Godøy - Emblem 1-2

Kampar fredag:

Rollon - Valder

Bergsøy - Ørsta

Hareid - Larsnes/Gursken

AaFK II - Volda