Det går stadig ein debatt om når ein må begynne å spesialisere seg i ein idrett for å bli verkeleg god. Nokre meiner til dømes at ein må trene fotball kvar dag frå seks-sju-årsalderen for å slå gjennom. Andre meiner det er smart å drive allsidig idrett så lenge det er praktisk mogleg.

Hallbjørn Hasund Thorseth har det fint med å spele og trene fotball eit par gonger i veka, i tillegg til fire-fem friidrettsøkter.

- Eg blir ikkje betre i friidrett av å vere spiss på Hasundgot, men det er gøy å spele fotball, seier Hallbjørn, russ ved Ulstein vidaregåande skule i år.

Comeback i fjor

Hurtigtoget slår heller eit slag for at fotballspelarar gjerne kan trene meir friidrett.

- Det er absolutt ein fordel å trene friidrett om ein vil bli god i fotball. Det gjeld både styrke, fart og spenst, seier 1995-modellen.

Han hadde tidlegare store kneproblem og la fotballsko og leggskinn på hylla då han var 16 år og gutespelar på Hødd. I fjor haust begynte han så vidt å vere med juniorlaget til Hasundgot. Så vart han med a-laget i år. I serien står han med to mål og fleire målgjevande pasningar.

Fleire UM-medaljar

Mellom åra utan fotball har Hallbjørn markert seg sterkt på friidrettsbana. Han har mellom anna tatt stafettgull i junior-NM med Dimna. I 2012 vart det bronse i 400-meter hekk under eit elitestemne i Sverige. I vinter tok Hallbjørn sølv på 60-meter hekk i ungdoms-NM med tida 8.61. I fjor vart det bronse på 110-meter hekk.

- Men 2013-sesongen var klart under pari for min del, seier Hallbjørn.

Hans beste løp skriv seg tilbake til 2009.

- Eg tok bronse på 300-meter hekk under eit stemne i Sverige. Tida var litt over 44.00 og gav 1054 Tyrving-poeng, mimrar Hallbjørn.

Klar for Tyrvingleikane

Som har hatt litt skadetrøbbel dei siste vekene, noko som gjorde at han stod over Dimnaleikane. Men neste helg deltek han i Tyrvingleikane i Oslo. Då er han med på 400-meter hekk og 400-meter flatt. Tre dagar tidlegare spelar Hasundgot mot Ørskog i 5.-divisjon. Den kampen kjem vel kanskje litt tett på Tyrvingleikane?

- Ja, men eg reknar med å sitje på benken og kome innpå mot slutten dersom vi treng ein kjapp spiss for å vinne kampen, smiler Hallbjørn.

Som enkelte truleg allereie har oppfatta er han barnebarnet til den legendariske Hødd-spelaren Hallbjørn Hasund, som døydde av kreft i 1994. Året etter vart Hallbjørn Hasund Thorseth fødd.

PS. Til hausten skal han gå på folkehøgskule i Hordaland. Hallbjørn håper å få trena mest mogleg, men det blir kanskje litt vanskeleg å få terpa nok hekk. Organisert fotball blir det truleg heller ikkje mykje tid til. Så då gjeld det å score flest mogleg mål for Hasundgot på vårparten, slik at dei tek nødvendige poeng i kampen for ny 5.-divisjonskontrakt.